Opprørsk utdanning

I krava om demokrati, fridom og rettferd ligg og kravet om ei
verdig utdanning. Denne utdanninga kan ikkje skilje seg frå
zapatistborna sin kvardag i opposisjon.

Utdanning var eit av dei elleve krava som vart stilt i kjølvatnet
av opprøret i 1994. Urbefolkninga i Chiapas kjempar for ei utdanning
som skal vere bevisstgjerande, forsonande og frigjerande. Den skal og
ta hensyn til deira liv, kultur, tradisjonar og historie. Den
offentlege skulen i Mexico har vore sterkt individorientert sidan
1950-åra. Skulen skulle vere individuelt nytteorientert, noko som
ikkje samsvarar med urbefolkninga sitt syn på utdanning som eit
kollektivt ansvar som skal komme fellesskapet til gode. For
zapatistane gjer det statlege synet på utdanning utelukkande næring
til det kapitalistiske samfunnet dei ikkje ynskjer å vere ein del
av. Dette skjer gjennom auka konkurranse og individualisme.
Comandante Rosalinda uttrykte i eit kommuniké i november 2003
nødvendigheten av ei god og verdig utdanning for alle, slik at
urbefolkninga kan bli kjent med og forsvare rettane sine og dermed
leve betre som meksikanarar. “Staten og dei rike har aldri ynskt å
gje oss ei betre utdanning, til trass for at dei hevdar å ha gjeve
oss det. Det er løgn. Dei statlege programma er ikkje bra for
folket. Dei ynskjer berre å dominere og forvirre ideane våre”,
skreiv kommandanten. Zapatistene har derfor utvikla sitt eige
autonome utdanningsprosjekt;

Sola sitt lille frø.

Det tar utgangspunkt i kvardagen til zapatistborna, ein kvardag i
motstand. Utdanninga kan ikke skilje seg frå kampen zapatistane
kjempar. Dei maskekledde hevdar at den alternative utdanninga gjer
verdigheit til og fremjar autonomiprosjektet. Eit medlem av den gode
regjering i La Garrucha vektlegg styrking av urbefolkninga sin
identitet og svar på folket sine behov som utdanningsprosjektet sine
fremste formål. «Det er ikkje nokon vits i å lære urbefolkninga
korleis vi skal vere urbefolkning. Det veit vi allereie. Det vi treng
er å bli kjent med vår eiga historie, vår fortid. Det er dette den
ekte utdanninga er til for», avsluttar han.

Det finst framleis ingen samkøyrt læreplan for alle dei autonome
skulane i alle zapatistområde, men det har vore tatt initiativ i dei
ulike sneglehusa til å lage ein. I Los Altos er samkøyringa i gong
mellom utdanningssentra som tidlegare fungerte på uavhengig basis.

Den autonome ungdomsskulen i sneglehuset Oventik har fylgjande
spesifikke målsetningar med utdanninga: «For det fyrste er det
ynskjeleg å gje elevane trening i både skriftleg og muntleg
kommunikasjon av pråka i regionen; tsotsil og spansk. Vidare er det
eit mål å utdjupe elevane sin kjennskap til matematikk som kan
bidra til utvikling av økonomiske strukturar tilpassa deira eigne
samfunn. Elevane sitt historiske medvit og kulturelle identitet skal
styrkast. Vidare skal det gjevast ei innføring i det nasjonale
juridiske systemet og samanhengen med urbefolkningssamfunna. Medvit
rundt miljøvern er eit anna viktig fokus. Det er òg ynskjeleg at
elevane vert oppfordra til å vidareføre det de har lært tilbake
til eigne samfunn. Til sist er det viktig å la elevane reflektere og
gjenskape det zapatistiske verdssynet og motta impulsar frå kulturar
andre stadar i verda.»

Krevande arbeid som utdanningspromotør

Språkproblem er eit konstant problem i den offentlege skulen. I
det autonome utdanningsprosjektet vert dette løyst med at
utdanningspromotørene må vere tospråklige. Dei må beherske spansk
og eit av dei sju urbefolkningsspråka som vert snakka i Chiapas -
tsotsil, tseltal, chol, tojolobal, lacandon, mam eller cachiquel.
Reint praktisk fungerar utdanninga slik at kvar enkelt autonome
landsby eller samfunn vel ein eller fleire utdanningspromotørar.
Desse har alt frå eit par års skulegong til fullført ungdomsskule.
Det er òg mulig å verve seg som frivillig til promotørjobben.
Promotørane får kursing i grunnleggjande fag fleire gongar i året
for å kunne undervise enten på barne- eller ungdomsskulenivå.
Kursinga vert gitt av såkalte capacitadores som brukar
månedar eller år av liva sine til zapatistane sitt
utdanningsprosjekt.

Promotør-jobben kan vere vanskelig fordi ein ikkje mottar lønn.
Enkelte vil ikkje ha sjanse til å jobbe, fordi det å skaffe mat til
familien må gå føre. Dette kan bli tilfelle for Remigio, som er 19
år og bur i det autonome samfunnet Emiliano Zapata i Lacandona. Han
vart valt til utdanningspromotør på eit allmøte fem år tidlegare,
til trass for at han berre kunne vise til fem års skulegong på
offentleg skule. Han ynskte å fortsette studiane sine samtidig som
han ville hjelpe landsbyfolket med ”å tilby ei utdanning på
tseltal som òg tok hensyn til forfedrane sin kultur”, som han
sjølv uttrykkjer det. I utgangspunktet stilte han seg til tjeneste i
eit år, men ettersom skuleåret gjekk, oppdaga han at det å vere
promotør verkeleg gav hav noko. No, fem år seinare, underviser han
framleis. Han har fått med seg ein utdanningspromotør til på
laget. Likevel er det krevjande. Han jobbar fulle dagar mandag til
torsdag. Då er det ikkje mykje tid igjen til å gå på maisåkeren,
noko han er avhengig av siden han ikke får kompensasjon for
tjenesta. Han skal gifte seg og er usikker på om han kan fortsette
med arbeidet. «Det kjem an på landsbyfolket. Dersom dei kan hjelpe
meg økonomisk, fortset eg. Men eg må vere sikker på å ha mat på
bordet den dagen eg får born», forklarar han.

Kvinner i stand til å studere

Remigio seier òg at det er vanskelig å rekruttere kvinnelege
promotørar. «Kvinner her er veldig annleis frå kvinner i byane.
Her er dei reddare for å delta. I tillegg har dei mykje jobb å
gjere heime». Det er framleis fleire mannlege enn kvinnelege
promotørar. Hortencia i La Garrucha fortel at både kvinnene vert
latterleggjort dersom kvinnene forlet heimen. Òg mennene og fedrene
deira får gjennomgå. Likevel er ho optimistisk når ha fastslår at
«kvinnene er dei fyrste som gjer motstand, og om dei kan klare å
forsvare seg sjølv, er dei òg i stand til å studere». Til trass
for at det autonome utdanningsprosjektet har nådd langt, med omkring
800 skular i Chiapas, vert det møtt av ulike hindringar. Som nevnt
er det vanskeleg å rekruttere promotører. Ikkje alle autonome
samfunn kan skilte med skule. Heller ikkje alle familiar og samfunn
ser verdien av å sende borna på skulen når ungeflokken er stor og
maten på bordet utilstrekkeleg. Det største problemet er kanskje
likevel at den autonome utdanninga ikkje er anerkjent av staten.
Dette medfører blant anna at zapatistborna ikkje kan studere vidare
etter ungdomsskulen.

La oss likevel avslutte med eit positivt syn på framtida: Ángela,
promotør ved den autonome ungdomsskulen i Oventik, framhevar
bevisstgjeringsprosessen i den autonome utdanningen som veldig
viktig: ”Om zapatistborna får gå på skule og bli opplært til å
vere stolte av sin kultur og sine tradisjonar, er det god grunn til å
ha håp for framtida”. Eller som Luis Javier Garrido i La Jornada
har sagt det: ”Utdanninga vert sett på som det mektigaste våpenet
zapatistane har for endring, og framfor alt er den rekna som
grunnlaget for den zapatistiske motstanden”.



Kijelder:
  • www.serazln-altos.org
  • www.jornada.unam.mx
  • Universitetslektor i sosialantropologi
    ved UNACH i San Cristóbal, Arturo Lomelí
  • Professor
    ved Universidad Pedagógica Nacional, Felipe Catalán

 


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.