Kvinnekamp

«Me er trippelt undertrykte: som kvinner, som fattige og som urbefolkning»

Orda vart fyrste gong uttalt av comandante Esther i 2001. Dei har
spredt seg vidare til urfolkskvinner som i dag vågar å reise seg i
protest og organisere seg, for saman å skape ein betre kvardag for
seg sjølv, familiane sine og samfunna dei lever i.

Urfolkskvinner i Mexico stiller nedst på samfunnsstigen. Dei er
underkasta mannsdominansen og bunde av kulturelle reglar for kvinner
si åtferd i sine eigne samfunn. Dei er ofre for diskriminering og
undertrykt av statleg rasisme. Urfolkskvinnene vert ofte sett på som
mindreverdige og uintelligente, som småbønder utan utdanning og
som ureine. Konflikter, splittingar og overgrep mot samfunn går ofte
hardast utover kvinnene, det vert ei byrde å halde familie og
samfunn saman. Ein sviktande stat, som ikkje stiller med dei
nødvendige tiltaka som helse og utdanning, legg òg eit press på
kvinnene. Utan tilgjengelege sosiale tjenester vert stell av sjuke,
eldre og born overlatt til dei. Mange kvinner vert lett ofre for
overgrep frå paramilitære. Kvinner vågar ofte ikkje å anmelde
lovbrot, og i fleire samfunn finst det ikkje noko system for melding
og straff. Som fylgje av truslar og overgrep lever mange eit liv i
konstant frykt.

«Kvinna kan ikkje tenke, ho kan berre føde born.»

Ho står opp klokka fire om morgonen, og begynner å førebu mat
til familien. Ho har eit barn på ryggen, to i skjørta og fleire
springande rundt seg. Ho er 25 år gamal, vart gifta vekk da ho var
14 og fekk sitt fyrste barn då ho var 15. Kroppen er sliten etter
hardt arbeid, mange fødslar og feilernæring. Fysiske plagar må ho
leve med, fordi familien ikkje har råd til medisinar eller lege.
Kanskje har ho mista eit barn ved heimefødsel. Ho har berre gått to
år på skule – hennar plass skulle vere i heimen. Arbeidskrafta
til jentene var nødvendig i heimen, og familiane har ikkje noko anna
val. Ho passar alle husdyra; høner, kalkuner, ender og grisar. Ho
steller dei gamle i familien som ikkje lenger klarar å ta vare på
seg sjølve. Så hjelper ho til på åkeren. Mange menn er tvungne
til å ta seg arbeid på større gardar, i byen som
bygningsarbeidarar eller å emigrere til USA. At mennene drar aukar
arbeidsmengda for kvinnene som vert igjen i landsbyane. Kvinnene
arbeidar hardt dagen lang og må gå langt for å hente vatn og ved.
Mennene har det siste ordet i den offentlege sfæra og styrer
landsbymøter og prosjekt. Kvinner får ofte ikkje lov til å ta seg
arbeid eller delta på aktivitetar utenfor heimen. Alkoholisme med
påfylgjande vald og dårleg økonomi er eit stort problem i mange
landsbyar. Å dra frå mannen er eit dårleg alternativ, sidan kvinna
står utan rettar til jord, og risikerar å tape respekt i samfunnet.
I byen ville løysinga ha blitt gatesalg, tigging eller elendig
betalte jobbar.

Men det finst kvinner som kjempar for ein betre kvardag, for
rettar, respekt og deltaking. Dei vil bryte inn i den offentlige
sfæra og utfordre dei etablerte modellane. Dette er
zapatistkvinnene. Kvinneorganisering er ein viktig del av kampen ,og
i lovgivninga til zapatistane er kvinnefokuset sterkt.

Kvinnene si revolusjonære lov

  1. Kvinner har rett til å delta i den revolusjonære kampen

  2. Kvinner har rett til å arbeide og motta ei rettvis løn

  3. Kvinner har rett til å bestemme kor mange born dei vil ha

  4. Kvinner har rett til å delta i saker som gjeld heile landsbyen og ha verv om dei vert valde fritt og demokratisk

  5. Kvinner og born skal ha fyrste prioritet når det gjeld helse og ernæring

  6. Kvinner har rett til utdanning

  7. Kvinner har rett til å bestemme kven dei skal gifte seg med og skal ikkje bli tvungne inn i ekteskap

  8. Kvinner skal ikkje verte utsatt for vald verken frå familie eller andre. Voldtekt eller voldtektsforsøk vil verte hardt straffa

  9. Kvinner kan ha leiarstillingar i organisasjonen og militær grad i EZLN

  10. Kvinner skal ha alle rettar og plikter som dei revolusjonære lover og reglar tilseier

Lovene var eit resultat av at comandante Susana reiste rundt i
landsbyar og snakka med kvinnene om kva dei revolusjonære lovene
skulle innehalde. I lovene står det òg at kvinnene skal kunne sei
det dei vil og bli respektert, og ha rett til å kvile. Kvinnene har
vidare rett til å kreve at diskriminerande skikkar vert endra. Ved
skilsmisse skal jord og familieeigendelar delast likt, og fleirkoneri
er forbode. Lovene sikrar kvinnene sentrale rettar som individ og
gjev dei sjansen til å ha roller i organisasjonen på alle plan.
Tradisjonelt har ikkje kvinnene hatt sjansen til å delta i den
offentlege sfæren. Kvinnesenteret ”Centro de Derechos de la Mujer
de Chiapas” seier at kvinnelovene til zapatistane er særs viktige.
”Det er sentralt at rettane vert satt ut i praksis for at det skal
bli lettare for kvinna å melde lovbrot, samt at kvinnene får
kunnskap om lovene og deira innhald. ”. Vidare meiner senteret at
alkoholforbodet i zapatistområde er spesielt viktig. Elisa,
kvinneansvarleg i zapatistkommunen Trabajo, seier lovgjevinga har
gjort det lettare for kvinner å melde overgrep.

«Det er derfor me har bestemt oss for å organisere oss, og kjempe som zapatistkvinner. For å kunne endre situasjonen, fordi me no er lei av all lidinga, og lei av å ikkje ha rettar.»

Prosessen er langsam, men ein ser ei utvikling kor fleire
zapatistkvinner deltar. Dei er driftige damer, kvasse kvinner,
morske mødre, tøffe tanter og unge jenter med bein i nasa.
Kvinnedeltakinga aukar i den gode regjering, kommunale råd og på
landsbymøter. Men det er snakk om å bryte ned fastlagte
tradisjonar. For mange kvinner er det vanskeleg å stille
spørsmålsteikn ved den mannlege dominansen fordi den er
naturleggjort i kulturen. På denne måten er kvinner med på å
reprodusere si underordna stilling i samfunnet. Enkelte får fortsatt
ikkje lov av mennene sine å delta i kvinneorganisering. I fylgje
sosialantropolog Silje Rasting er det viktig at lovene kjem frå
organisasjonen sjølv: ”Ved at haldningsendring har sitt utspring
internt i organisasjonen og ikkje frå utanforståande, vert det
lettare å integrere desse nye tankane i samfunnet”.

Kvinnene organiserar seg i eigne produksjonskollektiv. Dei driv
med husdyrhald og oppdrett av dyr, dyrking av mat, bakeri, små
butikkar eller handverk. Nokre prosjekt vert drivne ved hjelp av
landsbyen sine eigne midlar, medan andre er støtta av organisasjonar
utanfrå. På denne måten kan dei oppretthalde og vidareføre
zapatistene si organisering. Det sentrale er at kvinnene bestem kva
dei vil halde på med, dei må sjølv finne måtane dei vil jobbe på
for å betre sin eigen livssituasjon. Arbeidet går på rundgang. Dei
kan jobbe ein eller fleire saman og med turnusar på dagar, veker
eller månedar. Det er òg ein aukande andel kvinner som vert helse-
eller utdanningspromotørar. Promotørarbeidet er viktig for
kvinnefrigjeringa, i tillegg kan kvinnene vidareføre kunnskapen til
sine samfunn og familiar.

«Lat oss bli anerkjent og respektert som kvinner og som urbefolkning»

Juana, Maria og Griselda er unge, single og stolte, og har lyst
til å bruke livet på noko anna enn barn og heim. ”Det er bruk for
oss utanfor heimen òg, der har me sjansen til å lære, delta, reise
og møte nye menneske. Eg vil ikkje verte verande i huset utan andre
muligheitar, eg vil bestemme over meg sjølv. Promotørjobben eller å
sitte i styrene gjev oss sjansen til dette.” Mikaela har jobba som
kvinneansvarlig i Zona Norte og som sekretær i den gode regjering.
”Me kjemper for å få kvinnene til å organisere seg, jobbe med
eigne prosjekt, delta på landsbymøtene og sei det dei meinar.
Fortsatt manglar kursing og opplæring. Mange kvinner kan ikkje lese
og skrive, og har ikkje kunnskap om korleis å drive eit prosjekt.
Kvinnemøtene er viktige, der kan me snakke saman, dele erfaringar og
hjelpe kvarandre”. Mange er redde for å ta ordet i forsamlingar
med menn til stades. På kvinnemøtene kan dei få erfaring i trygge
omgivnadar. Prosjekta kan dermed bidra til samhald, sjølvtillit,
samarbeid, organisasjonserfaring, betre kosthald og betre inntekt. Gjennom zapatismen og prosjekta får dei ny forståing og
sjølvrespekt. Kvinner som rettar ryggen, grip ordet og reiser seg i
protest. Ikkje som passive ofre, men som aktive og handlingsdyktige
kvinner. ”Me må kjempe for kvinner sine rettar. Me vil ikkje ha
meir utnytting og undertrykking, og derfor har me reist oss i
protest. Me må stå saman, kvinnekampen skal gjelde i hele verda.”

Kjelder:

Centro de Derechos de la Mujer de Chiapas: Kvinnesenter i San
Cristóbal de las Casas

Hayden , T. The Zapatista reader (2002)

Rasting, S. Urbefolkningens kamp for bestemmelsesrett over egne
liv sett i forhold til et kvinnnerettet bistandsprosjekt i Chiapas,
Mexico
(2004)

Rovira, G. Mujeres de Mais (1997)

Kvinnelovene oversatt til engelsk:
http://flag.blackened.net/revolt/mexico/ezln/womlaw.html

Samtaler med kvinner i Chiapas, Mexico

 


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.