Kvifor bør du drikke zapatistkaffi?
Fyrst og fremst fordi han er god! Ein annan grunn er at han er produsert utan bruk av sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Og sist, men ikkje minst, du stør zapatistbøndene og deira oppbygging av eit rettvist, demokratisk og økologisk berekraftig samfunn.
Kven dyrkar kaffien?
Vi importerar kaffi frå kollektivet Yachil, og frå kollektivet Ssit
Lequil Lum (norsk: Frukta frå den gode jorda). Filterkaffien vi har no er frå Yachil. Tidlegare har vi importert frå Mut Vitz (Fuglefjellet). I framtida er det også mogleg at vi kjem til å ta inn kaffi frå andre zapatistkollektiv.
Er kaffien økologisk?
Kooperativet Yachil er godkjent av den «Certimex», ein meksikansk godkjennar av økologisk produksjon. Du kan laste ned sertifikatet og insepeksjonsrapporten frå 2009 i lenker helt nederst på denne sida. Seritifikatet gjeld dyrkinga av bønnene brukt i filterkaffien med haldbarheit februar 2012. Vi har ikkje merking frå Debio, men det er svært sannsynleg at vi hadde fått det om vi hadde betalt for det.
Korleis tilbereder eg kaffien?
Det kjem sjølvsagt an på korleis du likar han og kva utstyr du har (sjå Fakta om kaffi). Men ein tommelfingerregel kan vere omlag 6 spiseskeier kaffi per liter vatn. Kaffien er litt mørkare og sterkare enn tradisjonell norsk filterkaffi, noko som gjer litt meir smak.



