Velkomen!

Zapatistgruppa i Bergen er ein ideell organisasjon som driv informasjonsarbeid om Zapatistrørsla og import av kaffi frå zapatistiske kooperativ i Chiapas, Mexico. Her finn du informasjon om kaffi, zapatistrørsla, kaffikooperativ, og om oss. Klikk deg vidare på dei ulike fanene og i høgremenyane for å lese meir om dei ulike temaene

Kjøp zapatistkaffi

Zapatistgruppa i Bergen har drive med sal av kaffi sidan 2006 og har kjøpt frå fleire ulike zapatistiske kooperativ. I år har me kjøpt eit parti kaffi frå kooperativet Yachil, og har for sal posar med filtermalt kaffi og heile, brente bønner. Om du vil kjøpa økologisk og rettvis kaffi til deg sjølv, jobben, fagforeninga, idrettslaget, organisasjonen din eller nokon andre du er glad i, kan du tinge no.

Alt om kaffi

Korleis og kor vert kaffi dyrka? Kor mykje kaffi drikk me i Noreg? Korfor er kaffi så billig? Kva innverknad har kaffiproduksjon på miljøet? Desse spørsmåla, og fleire, freistar me å svara på her.

Hjelp til

Om du har lyst til å hjelpe oss er du velkommen til å ta del i gruppa! Vil du hjelpa oss med praktiske saker utan å bli med, set me også pris på det. Zapatistgruppa er for tida aktive i Bergen, men me hjelper deg gjerne med å starta import til andre deler av landet. Ta kontakt med oss!

Utsal

Her får du kjøpt Cafè Ya Basta over disk:

Bergen:       Robot, Skostrædet 16
                 Hordaland Kunstsenter, Klosteret 17
                 Reindyrka, Christian Michelsensgt. 1 
Oslo:          Friends Fairtrade, Storgata 36b
                 Tiger, Hammersborggata 18
                 Blitz, Pilestredet 30c
                 Cafe Vespa, Københavnsgate 2
                 Hausmania, Hausmannsgate 34
Trondheim:  Svartlamon Samvirkelag, Strandveien 21
Larvik:        Bevisst, Sigurdsgate 5
Salhus:        Norsk trikotasjemuseum, Salhusvegen 201

 

Denne nettsida blei først publisert fredag 10. desember 2010. Du kan finne den gamle sida på gammel.zapatista.no