Mexico er langt vekke. Korleis veit eg at bøndene får godt betalt? Og kvifor er ikkje kaffien rettvisemerkt?
Me samarbeider med den svenske gruppa Solidaritetsföreningen K'inal og den finske gruppa Cafè Caraco om kaffiimporten. Saman med dei kjøpte me i 2009, 2010 og 2011 grøn kaffi direkte frå kooperativet Yachil i Chiapas. I 2008 kjøpte me bønner frå kooperativet Ssit Lequil Lum, via ei fransk gruppe som samarbeider med dei. I 2006 og 2007 kjøpte me kaffien frå gruppa K'inal, som dei igjen hadde kjøpt frå kooperativet Mut Vitz. Kooperativet leverer den grøne kaffien i hamna i Vera Cruz, kor dei lastar han over i båtar som fraktar han til Uppsala. I Uppsala har me ein avtale med firmaet Lindvalls kaffe, som brenn og pakkar kaffien. Så fraktar Schenker han med lastebil til lageret vårt i Bergen.
Kollektivet Mut Vitz var tidlegare kontrollert av Rättvisemärkt/Fairtrade Labelling Organizations International (FLO). Les meir på www.rattvisemarkt.se, www.maxhavelaar.no og om FLO på www.fairtrade.net. Zapatistane har valt å avslutte samarbeidet med Fairtrade Labelling Organizations International (FLO) frå 2008. Zapatistane slutta samarbeidet med FLO fordi dei oppfatta organisasjonen som ein del av den rike delen av verda. Zapatistane tykte at dei måtte betala mykje for unødvendig kontrollering. Zapatistane i kooperativet Ssit Lequil arbeider no saman med universitetet i Vera Cruz om ei ny merkeordning. Kaffien er altså like rettvis som før, men vi har fjerna FLO logoen frå pakkane våre.
Kor går pengane?
[[wysiwyg_imageupload:13:]]
Når du kjøper ei pakke traktekaffi (500 gram) for kr 55,- av oss går pengane dine til dette: 20 kroner går til Yachil for dei grøne bønnene. I 2011 ligg altså kiloprisen vår for grøne bønner på kring 30 kroner, medan kaffi som er rettvismerka betaler kring 24 kroner til produsenten. Ettersom kollektivet har utgifter så får kaffibonden litt mindre i handa. Vidare går 3 kroner går til transport, 8 kroner går til brenning og pakking og 7 kroner til avgifter og gebyrer. 17 kroner er då vårt «overskot» når vi sel pakken direkte til deg. I nokre butikkar kostar kaffien meir enn 55 kroner. Mellomlegget går då til forseljaren.
Her er ein oversikt over kva pengane du betalar for ein pose filter frå oss har gått til i år og tidlegare år.
| År | Pris | Per pose til Yachil | Transport | Brenning og pakking | Moms og gebyrer | «Overskot» |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 2011 | 55 | 20 | 3 | 8 | 7 | 17 |
| 2010 | 50 | 15 | 2 | 10 | 7 | 21 |
Som vi skreiv over gjev vi ein høgare pris enn FLOs minstepris. Under er ein oversikt over kor mykje vi har betalt kooperativa for ein kilo grønne kaffibønner i år og tidlegare år. Tala er samanstilt med minsteprisar frå FLO og prisar frå den internasjonale kaffibørsen i New York.
| År | Vår pris til Yachil | FLOs minstepris | New York børsen |
|---|---|---|---|
| 2011 | 34 | 24 | |
| 2010 | 25 | 14 |
Kvifor betalar me ikkje meir?
Syns du 17 kroner til oss var for mykje? Me er heilt einige. Men foreløpig er me avhengig av dette overskotet for å betale ned lån. Då vi starta importen av Cafè YaBasta! måtte me låne pengar for å kome i gong, og dette må betalast tilbake. Fram til no har me óg hatt problem med å betale for neste innkjøp og neste brenning. Dette skuldast at me har kjøpt meir kaffi kvart år, og at prisen me har gitt kooperativet har auka. No trur me me har nådd den importmengda me klarar å omsette 3 tonn pr år. På sikt ynskjer me å betale til zapatistanes øverste organ «Junta de Buen Gobierno». Alt arbeid i zapatistgruppa skjer på dugnad, og det er ingen av oss som får løn eller anna økonomisk vinning av kaffisalet.
Den største skilnadan mellom oss, dei store kaffiselskapa og fairtrademarknaden er at uavhengig av kva resten av marknaden finn på lovar me at kaffibøndene skal få ein stabil pris for jobben han dei gjer, slik at dei kan skape seg eit trygt og forutsigbart liv. Me har hatt ein politikk på å alltid betale meir enn marknadspris på kaffien, slik at kooperativet slepp å konkurrere med innkjøparane («coyotene») frå kaffikjedene. Dei siste par åra (pr 2011) har prisen gått så mykje opp at ikkje alle dei gruppene me samarbeider med makter å finne nok pengar til å betale meir enn marknadsprisen. Derfor vil me på siste import, som kom sumaren 2011, betale om lag det same som marknadsprisen. Målet vårt er sjølvsagt å halde denne høge prisen, sjølv om marknadsprisen kjem til å synke att om eit par år.
Me deltek i eit europeisk nettverk av organisasjonar som driv solidaritetsarbeid med zapatistane. Dette nettverk fastset kvart år, i samråd med zapatistane, pris for bønnene. Alle gruppene betaler den same prisen til alle kooperativ det året. Dette gir stabilitet for bøndene, og vi slepp konkurranse mellom grupper og kooperativ. Mange av dei andre gruppene ville ha problem med å få solgt kaffien dersom utgiftene til grøne bøner stig. Det er ikkje mogleg å få selt kaffi som er alt for mykje dyrare enn vanleg marknadspris. Dei gruppene som sit igjen med pengar etter å ha selt kaffien, søkjer å gje det meste av dette attende til zapatistane. Noen grupper gir óg til gode føremål i heimlandet. Dette er óg vårt mål.
Vår forpliktelse ovanfor bonden gjev oss og eit ansvar – me kan ikkje gå konkurs. Derfor kan me ikkje ta inn meir kaffi enn me klarar å selgje, eller betale meir enn me klarar å omsette kaffien for. Me ynskjer ikkje å ende opp som eit bistandsprosjekt. Cafè Ya Basta! er solidaritet i prakasis – me og du støttar eit allereie sterkt og sjølvstendig zapatistisk samfunn.
Kontraktar
Kontrakt på kjøp av grøn kaffi mellom K'inal og Yachil, 2009: kontrakt (word), signatur (jpeg), signatur (jpeg)
Faktura på kjøp av grøn kaffi frå Yachil 2009: faktura (pdf)
Booking av transport fra Vera Cruz til Uppsala, 2009: booking (pdf)
Faktura på brenning av filterkaffe høst 2009: faktura (pdf)
Faktura på kjøp av grønn kaffe høst 2008: (word-dokument)
Faktura på brenning av filterkaffe høst 2008: (pdf-dokument)
Kvitteringar
Grøne bønner 2009 frå Yachil, via K'inal: kvittering (pdf)
Kvittering brenning hausten 2009: kvittering (pdf)
Grøne bønner (2008) frå Ssit Lequil, via Echanges solidaires: kvittering (pdf)
Sertifikat
Certimex-sertifikat Yachil, 2009 - 2010: sertifikat (pdf) inspeksjonsberetning (pdf)



