Dyr kaffi?

Vår, og anna rettferdigmerka økologisk kaffi, kan framstå som dyr samanlikna med den vanlege, som vert seld heilt ned til 20 kr kiloet. Men kor billeg er for dyrt?

Etter olje er kaffi den største lovleg omsettelege råvara på verdensmarknaden. Ein reknar med at omlag 100 millionar menneske er involvert i kaffiproduksjon og handel totalt. Kaffi produserast av mange småbønder (familiebruk), men óg på større plantasjar. Brasil er eit av landa som har kome langt i å industrialisere kaffiproduksjonen.

Det vert handla med kaffi på råvarebørsar i blant anna London og New York. Der handlar ein med futures. Ein future er ein avtale om kjøp av eit parti av ei vare til ein bestemt pris til eit bestemt tidspunkt i framtida. Prisen på kaffi vert avgjort ved kjøp og sal av futures på råvarebørsane. Prisen svingar etter tilbod og etterspørsel; til dømes har tørke i Brasil fått prisen til å stige kraftig i periodar.
















Oversikt over kaffiprisar frå www.ineedcoffee.com

Fram til 1989 ble prisen prøvd regulert av International Coffee Organization (ICO), ein internasjonal organisasjon med både kaffieksportørar og kaffiimportørar som medlemmar. Gjennom avtaler ble det delt ut kvoter til dei kaffiproduserende landa, som sørga for at produksjonen sto i forhold til etterspørselen. Dette samarbeidet braut saman i 1989.

Etter 1989 falt prisene på kaffi dramatisk. Dette har ført til opprettinga av fleire organisasjonar som arbeidar for etisk/rettferdig handel (eng. fairtrade). I Noreg har vi Max Havelaar.

Dårleg betalt

Kaffidyrking krev mykje arbeid og mykje arbeidskraft. Når prisen er låg trass dette er det fordi arbeidet er skammeleg dårleg betalt, heilt ned til mellom 2 og 7 kr kiloet. Prisskilnaden syner óg kor ustabile kaffiprisane er. Les meir om arbeidet med framstillinga under Fakta om kaffi.

Økologi

Mykje kaffi vert dyrka på store plantasjar utan miljøomsyn. Ettersom det på kort sikt er billegare for eigaren å bruke sprøytemiddel kan kaffien selgast til lågare pris. Etter nokre år er jorda utsliten av for hard bruk. Dette påverkar imidlertid ikkje kaffiprisen, då den globale marknaden gjer at «coyotene» berre kan kjøpe kaffi andre stadar. Slik vert stadig meir jord utpint.

Max Havelaar og andre rettvisemerker er ingen garanti for økologisk produksjon dersom dette ikkje er særskilt spesifisert på pakken.

«Tilbod»

Butikkjedane brukar kaffi som lokkevare for å få fleire til å handle i butikkane sine. Når kundane er komen inn i butikken óg kjøper andre varer spelar det ingen rolle for eigaren om kaffesalet går i minus. Dette er tvert om rekna inn i prisen på dei andre produkta.

Om bøndene fekk anstendig betalt for arbeidet sitt, om ein dyrka miljøvennleg og kaffi ikkje vart brukt som lokkevare ville kaffi kosta meir enn den gjer i dag. Kanskje kunne me óg drukke den med betre samvet?

Du kan lese meir om kor pengane for Cafè Ya Basta! vert av under punktet «Rettvis?».

 

 


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.