Bøker

Me prøver å tinga dei beste bøkene som er å få om zapatistrørsla. Prisen for bøkene dekkjer våre utgifter og evt. overskot går attende til vårt arbeid med zapatistane. Me tar atterhald om at titlar kan vera utselde. Porto kjem i tillegg, om du ikkje henter bøkene sjølv. Alle bøkene er skrivne på engelsk, om ikkje anna er gjort kjent. Skriv kva bok eller dvd du ynskjer, så sender me så raskt me klarar! Ting på epost.

«Conversation with Durito: Stories Of The Zapatistas And Neoliberalism»


Ei samling taler og kommuniké der «Underkomandant Marcos» klargjer bakgrunnen for opprøret, organisasjonshistoria til zapatistane, deira kritikk av tradisjonell politikk, og kvifor dei er i opposisjon til nyliberalismen.
Forfattar: Underkomandant Marcos
Utgjeve: 13.12.2005
Pris: 110kr

«Zapatistas!: Making Another World Possible, Chronicles Of Resistance 2000-2006»
Dette er tredje bok i serien av John Ross om zapatistane. Dette er ei god augevitneskildring frå opprørsfronten, og i boka går han i dybda på utviklinga av sneglehusa, kjerna i den nye autonome strukturen. Zapatistanes kamp dei siste åra, seier Ross, "har vore ei dramatisk og inspirerande røyning for å gjere denne andre verda mogleg"
Forfattar: John Ross
Utgjeve: 05.12.2006
Pris: 110 kr

«Ya basta! Ten Years Of The Zapatista Uprising»
I over ti år har ei stemme frå langt inn i dei meksikanske skogane og fjella inspirert folk frå heile verda til å kjempa. Boka, med sine 700 sider, vert omtala som den mest omfattande samlinga av artiklar og kommuniké frå zapatistrøysla. Her skriv dei om korleis dei har slåst for å opna ein fristad innan det ny-liberalistiske, globaliserte landskapet for verdas underkua folk.
Forfattarar: Ziga Vodovnik (Redaktør), Naomi Klein og Noam Chomsky (Forord), samt Underkomandant Marcos.
Utgjeve: 09.09.2004
Pris: 160 kr

«The Zapatista Reader»
Tom Hayden, mangeårig menneskerettsaktivist og tidligare senator i California, har på desse 400 sidene samla og omsatt eit imponerande utval avisartiklar, dokument og ikkje tidlegare publiserte artiklar av kultur- og politiske skribentar frå Latin-Amerika og resten av verda. Boka gjer ei god innføring i situasjonen i Chiapas.
Forfattarar: Tom Hayden (Redaktør), Jos‚ Saramago, Ilan Stavans, Elena Poniatowska, Enrique Krauze med fleire.
Utgjeve: 09.11.2001
Pris: 125 kr

«Dreams Of Freedom: A Ricardo Flores Magon Reader»
Dette er den fyrste antologien av den meksikanske revolusjonære anarkistens arbeid tilgjengeleg på engelsk. Magon var ein av dei store tenkjarane under den meksikanske revolusjonen, og organiserte via Partido Liberal Mexicano og IWW arbeidarane mot P. Diazs diktatur. Boka er samla, omsett og kommentert av Chaz Bufe og Mitchell Verter, og innkluderer eit lengre biografisk forord av Mitchell Verter.
Forfattarar: Mitchell Verter og Chaz Bufe (Redaktørar), Ricardo Flores Magon
Utgjeve: 01.07.2005
Pris: 125 kr

«Women In The Zapatistas»
Dette heftet inneheld kommuniké, intervju og rapportar om kvinners rolle i zapatistopprøret, og historia til den zapatistiske kvinnerøysla. Zapatistanes autonome kvinnelov blir av mange oppfatta som noko av det mest radikale av alle prosjekta zapatistane har sette igang.
Utgjeve: 10.08.2002
Pris: 35 kr

«Las Soldaderas: Women Of The Mexican Revolution»
Bileta i Las Soldaderas samt Elana Poniatowska's kommentarar tørker støvet av historia til alle kvinnene som var aktive i den meksikanske revolusjonen. Ved hjelp av gamle bilete følgjer Poniatowska stien etter dei kvinnelege krigarane, som byrjar med den spanske erobringa og endar med Mexicos voldsomme revolusjon på byrjinga av forrige hundreåret. Ei fin bok å ha på kaffebordet!
Forfattar: Elena Poniatowska
Utgjeve: 19.12.2006
Pris: 90 kr

The Uncomfortable Dead: A Novel By Four Hands
I vekslande kapittel skaper "Underkomandant Marcos" og den utmerka følgjestrengen Paco Ignacio Taibo II eit vilt mordmysterie med to kryssande historier. Boka er politisk, morosam, ironisk og sinnssjukt underhaldande.
Forfattarar: Underkomandant Marcos og Paco Ignacio Taibo II
Utgjeve: 10.10.2006
Pris: 110 kr

 


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.