Konflikta kronologisk

Tidslinje

1992

Reformering av artikkel 27 i den meksikanske grunnlova opnar for privatisering av jord.

1994

1. januar: NAFTA- avtalen trer i kraft. Same dag går zapatistane sin geriljahær, EZLN, til opprør i Chiapas.

12. januar: Etter to veker med harde kampar kjem det til semje om ei våpenkvile.

21. februar: Fyrste direkte samtalar og fredsforhandlingar mellom EZLN og den føderale regjeringa byrjar i San Cristóbal.

2. mars: Fredsforhandlingene vert avslutta. Regjeringa nektar å komme med tilståingar eller møte zapatistane sine politiske krav om urfolk sine rettar. Resultatet vert sendt ut til diskusjon i dei opprørske områda.

11. oktober: EZLN bryt alle samtalar med regjeringa, grunna sterk oppbygging av militære styrkar i zapatistområda, og eit aukande antal militære provokasjonar.

1995

9. februar: Den føderale regjeringa bryt våpenkvila og startar ein stor militær offensiv mot EZLN. Landsbyar vert ødelagt, tilhengarar arrestert, og 20 000 urfolk tvinga til å flykte inn i fjella.

1996

15. februar: Fyrste forslag til grunnlovsendring vert underteikna av regjeringa og EZLN i San Andrés. Samtalane vert seinare avbrotne, då zapatistane meiner regjeringa ikkje ynskjer å kome fram til ei realistisk løsning.

23. oktober: Kongressen etablerer COCOPA, som skal utarbeide eit forslag til endeleg løysing. EZLN og regjeringa vert samde, ei semje regjeringa seinare trekk seg frå.

1997

22. desember: 45 sivile pasifistar, av dei mange born, vert drepne i landsbyen Acteal nord for San Cristóbal av ei paramilitær gruppe. Til tross for at ein halvmilitær politileir ligg rett ved, gjer dei ingenting for å stoppe massakren. Hæren sitt nærvær vert igjen kraftig opptrappa i zapatistområda.

2000

1. desember: Vicente Fox frå det nyliberalistiske PAN, Det Nasjonale Handlingsparti, blir valt til president.

2001

Zapatistane gjennomfører ein marsj til Mexico by, for at Kongressen skal vedta COCOPA-forslaget.

April: Det meksikanske parlamentet vedtar ei revidert utgåve av COCOPA, som underkjenner San Andrés-avtalen på fleire viktige punkt. Zapatistane avviser lova, og seier den vil gjere livet endå verre for urbefolkninga.

2003

August: Dei opprørske områda vert omorganisert til ein modell zapatistane kallar caracoler - sneglehus. Hovudpoenget er å styrke autonomien og det sivile demokratiet, samt å betre organiseringa av prosjekt.

2005

Juni: Zapatistane lanserar den Sjette deklarasjonen fra Selva Lacandona. I kommunikeet tar dei initiativ til ein ny ikkje-parlamentarisk front av arbeidarar, bønder og studentar.


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.