VelkomenZapatistaneAlt om kaffiKonflikten i ChiapasKontakt ossBok og lesetipsUtsalsstaderPrisarNyhendeLenkerOm oss

Zapatistane

 Foto: Ukjent

Mut Vitz-bøndene er med i zapatistrørsla; ei rørsle beståande av ulike urbefolkningsgrupper i Chiapas som kjempar mot den imperalistiske valden og undertrykkinga dei har blitt utsatt for i århundrer.

Den fyrste januar 1994 gjennomførte zapatistane eit væpna opprør og sidan då har dei kjempa for sine rettar som bønder og urfolk. Etter 12 dagar med opprør hengde dei våpena sine over skuldra og har sidan ført kampen sin på andre måtar. Dei har blant anna arrangert nasjonale og internasjonale stormøter og folkeavstemningar, og dei har utvikla sitt sjølvstyre i dei autonome landsbyane. Zapatistane arbeidar ikkje for å ta den politiske makta i Mexico. Dei kjemper for at alle skal ha like rettar til arbeid, jord, tak, mat, helse, utdanning, uavhengigheit, fridom, demokrati, rettferd og fred - "Alt til alle, ingenting til oss".

Zapatistrørsla strevar etter sjølvstyre og har, trass statens undertrykking, skapt eigne sjølvstendige og demokratiske myndigheiter, sjukehus og skular der barna blir undervist på sitt eige språk og får lære seg si eiga historie. Dei utdannar sjukepleiarar og lærarar slik at landsbybebuarane får tilgang på helsetjenester og slepp å verte henvist til statlege skular der ungane ofte får mangelfull undervisning og blir dårleg behandla. For å vere uavhengige har zapatistane valgt å ikkje akseptere noko økonomisk støtte frå staten.

Sist oppdatert 2007-09-05 17:33:55

Utskriftsvennlig versjon

All tekst er tilgjengelig under GNU Free Documentation License

Valid CSS!Valid XHTML 1.1