VelkomenZapatistaneAlt om kaffiKonflikten i ChiapasKontakt ossBok og lesetipsUtsalsstaderPrisarNyhendeLenkerOm oss

Bøker

Me prøver å bestille dei beste bøkene som er å få om zapatistrøysla for å gjere dei tilgjengeleg her i Noreg. Summen du betalar dekker våre importutgifter, og evt overskot går attende til vårt arbeid med zapatistane. Me tar atterhald om at me kan være tom for nokre titlar. Porto kjem i tillegg, om du ikkje henter bøkene sjølv. Alle bøkene er skreve på engelsk, om ikkje anna er gjort kjent. Skriv kva bok eller dvd du ynskjer, så sender me så raskt me klarar! BESTILL HER

"Conversation with Durito: Stories Of The Zapatistas And Neoliberalism"

Ein samling talar og kommuniké der Underkomandant Marcos klargjer for bakgrunnen for opprøret, organisasjonshistoria til zapatistane, deira kritikk av tradisjonell politikk, og kvifor dei er i opposisjon til nyliberalismen.

Forfattar: Underkomandant Marcos

Utgjeve: 13.12.2005

Pris: 110kr

"Zapatistas!: Making Another World Possible, Chronicles Of Resistance 2000-2006"

Dette er bok nummer tre i Ross sin serie om zapatistane. Dette er ei god augevitneskildring frå opprørsfronten, og i boka går han i dybden på utviklinga av sneglehusa, kjerna i den nye autonome strukturen. Zapatistanes kamp dei siste åra, seier Ross, "har vore ei dramatisk og inspirerande røyning for å gjere denne andre verda mogeleg"

Forfattar: John Ross

Utgjeve: 05.12.2006

Pris: 110 kr

"Ya basta! Ten Years Of The Zapatista Uprising"

I over ti år har ei stemme frå langt inni dei meksikanske skogane og fjella inspirert folk over heile verda til å kjempa. Boka, med sine 700 sider, vert omtala som den mest omfattande samlinga av artiklar og kommuniké frå zapatistrøysla. Her beskriv dei korleis dei har slost for å åpne ein fristad innan det ny-liberalistiske, globaliserte landskapet for verdas underkua folk.

Forfattarar: Ziga Vodovnik (Redaktør), Naomi Klein og Noam Chomsky (Forord), samt Underkomandant Marcos.

Utgjeve: 09.09.2004

Pris: 160 kr

"The Zapatista Reader"

Tom Hayden, mangeårig menneskerettsaktivist og tidligare senator i California, har på desse 400 sidene samla og omsatt eit imponerande utval avisartiklar, dokument og ikkje tidlegare publiserte artiklar av kultur- og politiske skribentar frå Latin-Amerika og resten av verda. Boka gjer ei god innføring i situasjonen i Chiapas.

Forfattarar: Tom Hayden (Redaktør), Jos‚ Saramago, Ilan Stavans, Elena Poniatowska, Enrique Krauze med fleire.

Utgjeve: 09.11.2001

Pris: 125 kr

"Dreams Of Freedom: A Ricardo Flores Magon Reader"

Dette er den fyrste antologien av den meksikanske revolusjonære anarkistens arbeid tilgjengeleg på engelsk. Magon var ein av dei store tenkjarane under den meksikanske revolusjonen, og organiserte via Partido Liberal Mexicano og IWW arbeidarane mot P. Diazs diktatur. Boka er samla, omsett og kommentert av Chaz Bufe og Mitchell Verter, og innkluderer eit lengre biografisk forord av Mitchell Verter.

Forfattarar: Mitchell Verter og Chaz Bufe (Redaktørar), Ricardo Flores Magon

Utgjeve: 01.07.2005

Pris: 125 kr

"Women In The Zapatistas"

Dette heftet inneheld kommuniké, intervju og rapportar om kvinners rolle i zapatistopprøret, og historia til den zapatistiske kvinnerøysla. Zapatistanes autonome kvinnelov blir av mange oppfatta som noko av det mest radikale av alle prosjekta zapatistane har sette igang.

Utgjeve: 10.08.2002

Pris: 35 kr

"Las Soldaderas: Women Of The Mexican Revolution"

Bileta i Las Soldaderas samt Elana Poniatowska's kommentarar tørker støvet av historia til alle kvinnene som var aktive i den meksikanske revolusjonen. Ved hjelp av gamle bilete følgjer Poniatowska stien etter dei kvinnelege krigarane, som byrjar med den spanske erobringa og endar med Mexicos voldsomme revolusjon på byrjinga av forrige hundreåret. Ei fin bok å ha på kaffebordet!

Forfattar: Elena Poniatowska

Utgjeve: 19.12.2006

Pris: 90 kr

The Uncomfortable Dead: A Novel By Four Hands

I vekslande kapittel skaper Underkomandant Marcos og den utmerka følgjestrengen Paco Ignacio Taibo II eit vilt mordmysterie med to kryssande historiar. Boka er politisk, morosam, ironisk og sinnssjukt underhaldande.

Forfattarar: Underkomandant Marcos og Paco Ignacio Taibo II

Utgjeve: 10.10.2006

Pris: 110 kr

!Fuera Ulises!: A Graphic Account From Oaxaca

Dette er ikkje mindre enn ein teikneserie om hendingane som gjekk føre seg i Oaxaca sommaren 2006, og som enda med at byen vart kringsett av det meksikanske militæret. Med eit antiautoritært og anarkistisk utgangspunkt skildrar Ana Nimo kva ho såg og høyrde i dei hektiske månadene opprøret sto på.

Forfattar: Ana Nimo

Utgjeve: 10.01.2008

Pris: 25 kr

Sist oppdatert 2008-06-20 16:25:02

Bok og lesetips

Utskriftsvennlig versjon

All tekst er tilgjengelig under GNU Free Documentation License

Prosjektet gjennomføres med støtte fra EU-programmet Aktiv ungdom.

Valid CSS!Valid XHTML 1.1