BøkerBøker til sals
Me prøver å bestille dei beste bøkene som er å få om zapatistrøysla for å gjere dei tilgjengeleg her i Noreg. Summen du betalar dekker våre importutgifter, og evt overskot går attende til vårt arbeid med zapatistane. Me tar atterhald om at me kan være tom for nokre titlar. Porto kjem i tillegg, om du ikkje henter bøkene sjølv. Alle bøkene er skreve på engelsk, om ikkje anna er gjort kjent. Skriv kva bok eller dvd du ynskjer, så sender me så raskt me klarar! BESTILL HER
«Bestridt virkelighet - En studie av makt, kunnskap og geografi i
konflikt over utvikling i det sørlige Mexico»
Last ned som pdf (6 Mb). Hovudfagsoppgåve som tek for seg «konflikten som oppstod i Sør-Mexico rundt utviklingsprosjektet Plan Puebla Panama (PPP), slik den utspiller seg i møte med zapatistenes oppbygging av autonome samfunn i Chiapas, Mexico.»
Forfattar: Marry-Anne Karlsen
Utgjeve: Våren 2006
"Conversation with Durito: Stories Of The Zapatistas And
Neoliberalism"
Ein samling talar og kommuniké der Underkomandant Marcos klargjer for
bakgrunnen for opprøret, organisasjonshistoria til zapatistane, deira kritikk
av tradisjonell politikk, og kvifor dei er i opposisjon til nyliberalismen.
Forfattar: Underkomandant Marcos
Utgjeve: 13.12.2005
Pris: 110kr
"Zapatistas!: Making Another World Possible, Chronicles Of Resistance
2000-2006"
Dette er bok nummer tre i Ross sin serie om zapatistane. Dette er ei god
augevitneskildring frå opprørsfronten, og i boka går han i dybden på
utviklinga av sneglehusa, kjerna i den nye autonome strukturen. Zapatistanes
kamp dei siste åra, seier Ross, "har vore ei dramatisk og inspirerande røyning
for å gjere denne andre verda mogeleg"
Forfattar: John Ross
Utgjeve: 05.12.2006
Pris: 110 kr
"Ya basta! Ten Years Of The Zapatista Uprising"
I over ti år har ei stemme frå langt inni dei meksikanske skogane og fjella
inspirert folk over heile verda til å kjempa. Boka, med sine 700 sider, vert
omtala som den mest omfattande samlinga av artiklar og kommuniké frå
zapatistrøysla. Her beskriv dei korleis dei har slost for å åpne ein fristad
innan det ny-liberalistiske, globaliserte landskapet for verdas underkua folk.
Forfattarar: Ziga Vodovnik (Redaktør), Naomi Klein og Noam Chomsky (Forord),
samt Underkomandant Marcos.
Utgjeve: 09.09.2004
Pris: 160 kr
"The Zapatista Reader"
Tom Hayden, mangeårig menneskerettsaktivist og tidligare senator i California,
har på desse 400 sidene samla og omsatt eit imponerande utval avisartiklar,
dokument og ikkje tidlegare publiserte artiklar av kultur- og politiske
skribentar frå Latin-Amerika og resten av verda. Boka gjer ei god innføring i
situasjonen i Chiapas.
Forfattarar: Tom Hayden (Redaktør), Jos‚ Saramago, Ilan Stavans, Elena
Poniatowska, Enrique Krauze med fleire.
Utgjeve: 09.11.2001
Pris: 125 kr
"Dreams Of Freedom: A Ricardo Flores Magon Reader"
Dette er den fyrste antologien av den meksikanske revolusjonære anarkistens
arbeid tilgjengeleg på engelsk. Magon var ein av dei store tenkjarane under
den meksikanske revolusjonen, og organiserte via Partido Liberal Mexicano og
IWW arbeidarane mot P. Diazs diktatur. Boka er samla, omsett og kommentert av
Chaz Bufe og Mitchell Verter, og innkluderer eit lengre biografisk forord av
Mitchell Verter.
Forfattarar: Mitchell Verter og Chaz Bufe (Redaktørar), Ricardo Flores Magon
Utgjeve: 01.07.2005
Pris: 125 kr
"Women In The Zapatistas"
Dette heftet inneheld kommuniké, intervju og rapportar om kvinners rolle i
zapatistopprøret, og historia til den zapatistiske kvinnerøysla. Zapatistanes
autonome kvinnelov blir av mange oppfatta som noko av det mest radikale av
alle prosjekta zapatistane har sette igang.
Utgjeve: 10.08.2002
Pris: 35 kr
"Las Soldaderas: Women Of The Mexican Revolution"
Bileta i Las Soldaderas samt Elana Poniatowska's kommentarar tørker støvet av
historia til alle kvinnene som var aktive i den meksikanske revolusjonen. Ved
hjelp av gamle bilete følgjer Poniatowska stien etter dei kvinnelege
krigarane, som byrjar med den spanske erobringa og endar med Mexicos voldsomme
revolusjon på byrjinga av forrige hundreåret. Ei fin bok å ha på kaffebordet!
Forfattar: Elena Poniatowska
Utgjeve: 19.12.2006
Pris: 90 kr
The Uncomfortable Dead: A Novel By Four Hands
I vekslande kapittel skaper Underkomandant Marcos og den utmerka
følgjestrengen Paco Ignacio Taibo II eit vilt mordmysterie med to kryssande
historiar. Boka er politisk, morosam, ironisk og sinnssjukt underhaldande.
Forfattarar: Underkomandant Marcos og Paco Ignacio Taibo II
Utgjeve: 10.10.2006
Pris: 110 kr
!Fuera Ulises!: A Graphic Account From Oaxaca
Dette er ikkje mindre enn ein teikneserie om hendingane som gjekk føre seg i
Oaxaca sommaren 2006, og som enda med at byen vart kringsett av det meksikanske
militæret. Med eit antiautoritært og anarkistisk utgangspunkt skildrar Ana
Nimo kva ho såg og høyrde i dei hektiske månadene opprøret sto på.
Forfattar: Ana Nimo
Utgjeve: 10.01.2008
Pris: 25 kr
Sist oppdatert
2010-04-12 14:33:33 Bok og lesetips
Utskriftsvennlig versjon
All tekst er tilgjengelig under
GNU Free Documentation License
  |