Rettvis?Korleis veit eg at bøndene får anstendig betalt?
Vi samarbeider med den svenske gruppa Solidaritetsföreningen K'inal. Saman med dei kjøper vi grøn kaffe direkte frå kooperativet Yachil i Chiapas. I 2008 kjøpte vi bøner frå kooperativet Ssit Lequil, via ei fransk gruppe som samarbeider med dei. I 2006 og 2007 kjøpte vi kaffien frå gruppa K'inal, som dei hadde kjøpt fra kooperativet Mut Vitz.
Kooperativet leverer den grøne kaffien i Vera Cruz, kor han lastast over i båtar og fraktast til Uppsala. I Uppsala har vi avtale med firmaet Lindvalls kaffe, som brenner og pakker kaffien. Så fraktas han av Schenker med lastebil til lageret vårt i Bergen
Mut Vitz har føre vore kontrollert av Rättvisemärkt/Fairtrade Labelling
Organizations International (FLO). Les meir på
www.rattvisemarkt.se, www.maxhavelaar.no
og om FLO på www.fairtrade.net.
Zapatistene har valt å avslutte samarbeidet med Fairtrade Labelling Organizations International (FLO) frå 2008. Kaffien er like rettferdig som før, men vi kommer til å fjerne FLO logoen frå pakkene våre. Zapatistane slutta samarbeidet med FLO fordi de oppfatta organisasjonen som først og fremst en del av den rike del av verden og at de betalte mye for å bli kontrollert på en unødvendig måte. Vi veit at zapatistane i kooperativet Ssit Lequil arbeider saman med universitetet i Vera Cruz om ei ny merkeordning.
Kor går pengane?
Når du kjøper ein pakke traktekaffi (500 gram)
for kr 50 av oss går dine pengar til dette:
15 kroner går til Yachil for dei grøne bønnene.
Vi kjøpte 44 sekkar på 69 kg, til sammen 3036 kg bønner. Vi har brent halvparten av dette, som blei til saman 2082 pakker filter og 1032 pakker espresso, 1299 kg kaffi). Vi betalte 193,20 euro for kvar sekk, eller 2,80 euro per kg. Ettersom kollektivet har utgifter så får kaffibonden litt mindre
i handa. Om du kjøper kaffi som ikkje er rettferdigheitsmerka går kun mellom to og sju
kroner til produsenten. Prisen bøndene får er per libra (454 gram) av rå kaffebønner, også kalt "grønn kaffe".
2 kroner går til transport,
10 kroner går til brenning og pakking og
4 kroner i avgifter og gebyrer (Dette kjem til å auke til 7 kroner i vinteren 2009/2010)
16 kroner vil då verte vårt "overskot" når vi sel pakken
direkte til deg.
Med overskotet betalar vi ned lån og aukar kaffiimporten. Nå i startfasen har vi konstante problem med å finne nok til å betale for neste innkjøp og neste brenning. På sikt ønsker vi også å betale tilbake til zapatistanes øverste organ "Junta de Buen Gobierno". Alt arbeid i zapatistgruppa skjer på dugnad, og det er ingen som får løn eller anna økonomisk vinning av kaffisalet.
Korfor betaler vi ikkje meir?
Mange spår korfor vi ikkje betaler meir til Yachil for kaffien. Vi deltek i eit europeisk nettverk av organisasjonar som driv solidaritetsarbeid med zapatistane. Dette nettverk fastset, i samtale med zapatistane, kvart år ein pris for bønene. Alle gruppene betaler den same prisen til alle kooperativ det året. Dette gir stabilitet for bøndene, og vi slepp konkurranse mellom grupper og kooperativ. Mange av dei andre gruppene ville ha problem med å få solgt kaffien dersom utgiftene til grøne bøner stig. Det er ikkje mogleg å få selt kaffi som er alt for mykje dyrare enn vanleg marknadspris.
Dei gruppene som sit igjen med pengar etter å ha selt kaffien, søkjer å gje det meste av dette attende til zapatistane. Noen grupper gir også til gode føremål i heimlandet. Dette er også vårt mål, men til no har alt "overskot" gått til å kjøpe meir kaffi.
Kontraktar
Kontrakt på kjøp av grøn kaffi mellom K'inal og Yachil, 2009: kontrakt (word), signatur (jpeg), signatur (jpeg)
Faktura på kjøp av grøn kaffi frå Yachil 2009: faktura (pdf)
Booking av transport fra Vera Cruz til Uppsala, 2009: booking (pdf)
Faktura på brenning av filterkaffe høst 2009: faktura (pdf)
Faktura på kjøp av grønn kaffe høst 2008: (word-dokument)
Faktura på brenning av filterkaffe høst 2008: (pdf-dokument)
Kvitteringar
Grøne bønner 2009 frå Yachil, via K'inal: kvittering (pdf)
Kvittering brenning hausten 2009: kvittering (pdf)
Grøne bønner (2008) frå Ssit Lequil, via Echanges solidaires: kvittering (pdf)
Sist oppdatert
2009-10-06 11:38:47 Alt om kaffi
Utskriftsvennlig versjon
All tekst er tilgjengelig under
GNU Free Documentation License
  |