VelkomenZapatistaneAlt om kaffiKonflikten i ChiapasKontakt ossBok og lesetipsUtsalsstaderPrisarNyhendeLenkerOm oss

Kvifor bør ein drikke zapatistkaffe?

Me i Noreg tilhøyrer dei største kaffikonsumentane i verda. Kvar av oss kjøper i gjennomsnitt 10 kilo kaffi i året og drikk tre koppar kvar dag. Dei store kaffeselskapa blir rike på kaffidrikkinga vår medan bøndene som dyrkar får fornedrande dårleg betalt. Lokale oppkjøparar pressar bøndene til å selje kaffien sin så billig som mogeleg medan dei sjølv tenar store pengar på å selje vidare. Pengane hammnar i den lange kjeda av mellomledd som utnyttar bøndene sitt arbeid. I dag er det ikkje uvanleg at bøndene går med tap, men dei fleste har ikkje noko anna alternativ enn å fortsetje å hausta kaffien sin. Å legge om produksjonen er alt for kostbartfor ein gjeldtynga bonde som driv i liten skala.

I Mexicos sydligaste delstat Chiapas er kaffidyrking den viktigaste levevegen for urbefolkninga. At dei organiserar seg og samarbeidar om salet gjer at dei står sterkare rusta mot kaffeoppkjøparane. Når dei får skikkeleg betalt for arbeidet kan dei heve levestandarden til eit meir akseptabelt nivå, men endå viktigare gjer det at det er mogleg for urfolksbønda å skape eit samfunn den meksikanske staten ikkje vil gje dei. Etter 1994 har dei sjølv organisert blant anna skular og helsetilbod, og innført lokaldemokrati i sine autonome områder. Les meir om dette andre stader på denne sida!

Vil du arbeide med oss, drive med kaffisal eller gjera informasjonsarbeid eller anna arbeid knytta til zapatistane? Eller vil du støtte oss på ein anna måte?

Kontakt oss - me arbeidar på dugnad, og vil gjerne bli fleire! zapatistgruppen.bergen@gmail.com

Sist oppdatert 2007-09-06 14:00:25

Alt om kaffi

Utskriftsvennlig versjon

All tekst er tilgjengelig under GNU Free Documentation License

Valid CSS!Valid XHTML 1.1