VelkomenZapatistaneAlt om kaffiKonflikten i ChiapasKontakt ossBok og lesetipsUtsalsstaderPrisarNyhendeLenkerOm oss

Dyr kaffi?

Vår, og anna rettferdimerka økologisk kaffe, kan framstå som dyr sammenligna med den vanlege, som vert seld heilt ned til 20 kr kiloet. Korleis kan den være så billeg?

Dårleg betalt

Kaffidyrking krev mykje arbeid og mykje arbeidskraft. Når prisen er låg tross dette er det fordi arbeidet er skammeleg dårleg betalt, heilt ned til mellom 2 og 7 kr kiloet.

Økologi

Mykje kaffi blir dyrka på store plantasjar utan miljøomsyn. Ettersom det på kort sikt er billigare for eigaren å bruke sprøytemiddel kan kaffien selgast til lågare pris.

"Tilbod"

Butikkjedane bruker kaffe som lokkevare for å få fleire til å handle i butikkane sine. Når kundane vell inne i butikken også kjøper andre varer spelar det ingen rolle for eigaren om kaffesalet går i minus.

Om bøndene fekk anstendig betalt for arbeidet sitt, om ein dyrka miljøvennleg og kaffi ikkje vart brukt som lokkevare ville kaffi kosta meir enn den gjer i dag, og me kunne drukke den med betre samvett!

Du kan lese meir om kor pengane for zapatistkaffien blir av under punktet Rettferdig.

Sist oppdatert 2007-09-06 15:19:13

Alt om kaffi

Utskriftsvennlig versjon

All tekst er tilgjengelig under GNU Free Documentation License

Valid CSS!Valid XHTML 1.1